Fløytinga i Leksdal og i Figga

Av Karl Hermann

Fra Verdal historielags skrifter : årbok. 1984 Vol. 10

Det er tidlegare skrivi ein god del om tømmerfløytinga i Verdalselva og sideelvene der, men det er kanskje mindre kjent at det også over lang tid har vori fløytt mykje tømmer i Lundselva i Leksdal.

Tømmerfløytinga i Leksdalen har sjølsagt ikkje hatt det same omfang, korkje når det gjeld tømmermengder eller fløytemannskap. Heller ikkje har fløytinga vara over så langt tidsrom som i Verdalselva. I og med at Leksdalen ikkje høyrer med til hoveddalføret, og Leksdalsvatnet har avløp nordover, gjennom Figga, til Steinkjer, er det klart at det tømmeret som vart hoggi i Leksdalen, måtte få ein annan transportveg en resten av tømmeret frå Verdal.

Den aller første fløytinga i Lundselva hadde nok ikkje fjorden ved Steinkjer som endemål. Den første fløytinga må sjåast i samanheng med dei først vass-sagene som vart bygd i fossane i den nedre delen av elva. Ovafor Øvre Markafossen har vi namn som Bomfestet og Bomfestmyra som stadfester at det er teki i land tømmer her for saging i fossen. Vidare er det naturleg å tru at det er teki i land tømmer i Sagdammen ovanfor Lundsfossen. Dette vart så saga på Lund sag (seinare Lund Sag

og Høvleri)

Det kan nemnast at høvelen fra dette bruket har vori jamnt utnytta heilt fram til dei siste åra, hos Tollef Øgstad. Det er likevel naturleg å tru at fløytinga i Lundselva på den tida ikkje hadde særleg stort omfang. Det fins ikkje sikre kjelder som kan tidfesta kor lenge Lundselva har vori i bruk som fløytarelv, men det er grunn til å tru at det er så langt tilbake som før 1850.

«ALTAPROTEST»

I 1860-70 åra vart det bygd reguleringsdam i Bulleråsvatnet for å få vatn til fløyting og saging. Kona til oppsittaren på Bulleråsen, Jøren Inber, som var eit kraftig kvinnfolk og i tilleg visste kva ho ville, likte ikkje denne dammen. Oppdemninga førte til overfløyming av både dyrkajord og beiteland, og som protest mot dette reiv ho opp dammen fleire gonger. Om dette skreiv forstmann Selmer i rapporten sin til dei offentlege styresmaktene i 1870. (Det må vel seiast å vera ein tidleg «Altaprotest«—.)

Jøren Inber var oldemor til Arne Okstad som seinare vart fløytebas i Lundselva. Etter kvart som dei nye kraftkjeldene som dampkraft og elektrisitet gjorde sitt inntog, vart ein ikkje lengere avhengig av fossekrafta på sta den. Dei store og moderne sagbruka kunne no byggjast ved fjorden, og den skorne materialen kunne lastas rett ombord for skiping både til nær og fjern.

Det var By Bruk som bygde den første dampsaga på Steinkjer, og dette bruket vart hovudavtakar av tømmer som vart framdrive i Leksdalen. Seinare vart også Meråker Bruk og Folla Bruk kjøparar av tømmer. Det var på denne tida, i slutten av førre århundre, at systematisk fløyting i meir moderne forstand kom i gang. Storparten av tømmeret vart hoggi i Leksdal Statsalmenning, men det vart også framdrevi ein god del frå private skogar. Det vart og enkel te år levert tømmer frå Båbu ålmenning i Sparbu til Lundselva. På grunn av dei spesielle geografiske forholda gikk fløytinga frå Leksdalen i tre trinn:

  • Først i Lundselva
  • Dernest etter Leksdalsvatnet
  • Til sist ned Figga til Steinkjer.

 

Fra Verdal historielags
skrifter 10 - 1984
Bulleråsen i 1952. Dammen ned til venstre, delvis skjult av snø.

LUNDSELV VASSDRAGET

Nedslagsfeltet til Lundselva er etter måten lite. Sjølve Lundselva har sitt utsprang i Bulleråsvatnet like nord for grensa til Henning, og er ikkje meir enn 13 kilometer. Den øvre delen, ovafor Hallemsvollen, blir til dagleg kalt Nordelva. Ved Hallemsvollen rinn ho saman med Sørelva. Sørelva kjem frå Hokjønna, Mevatnet og Fånetvatnet. Bekken frå desse renn saman ved Skrovesvollen.

I Holtjønnbekken har det vorti fløytt frå eit godt stykke ovanfor Landfallvollen. Mevassbekken og Fånetbekken har aldri vori nytta. Nordelva vart fløytt frå Nyseterfossen. Fordi vassdraget har etter måten lita vassføring, var det naudsynt å byggja reguleringsdammar. Alt i alt var det fem dammar. Fire av desse var vanlege luke dammar med tømmra landkar fylt med stein. Den femte var ein såkalla slagdam.

Ein av lukedammane sto i utløpet av Bulleråsvatnet, og han vart kalt Bulleråsdammen. Han hadde ståggåluker som vart åpna med spett. Bulleråsdammen er den eldste av dammene i Leksdalen. Den vart påbyrja rundt 1870, men vart som før nemnt opprivi og øydelagt av oppsittarane på Bulleråsen i protest, men truleg var dammen bygd og i bruk ei god stund før århundreskiftet.

Det vart foreslått utbedringer av dammen i 1910, og i 1927 var det igjen omfemnande reparasjonsarbeid på den. Vidare stod det ein liknande dam i oset frå Hokjønna. Holtjønndammen vart bygd i 1910. Same året vart også dammen i Mevatnet bygd.

Desse to dammane vart bygd av eit arbeidslag frå Mosvik, med Ole Storsve som bas. Dei hadde ikkje hest så alt arbeid vart gjort for hand. Den materialen som trongst vart og saga med handsag. Sagstellingen etter dette arbeidet sto til langt ut i tjueåra. Eit stykke lengre ned i Holtjønnabekken vart det først på 1930-talet bygd ein slagdam. Han kunne fyllast på ein time, dersom det var brukbar vassføring, og når han vart åpna var den vassmengda ein sleppte svært verksam til å få ut tømmeret. Det var difor sikkert med rette denne dammen til dagleg vart kalla «sjokken». Han vart bygd først og fremst for å få ut tømmeret i den vanskelege elvestrekkja ved Skrovesvollen.

I utløpet frå Mevatnet låg Mevassdammen. Som før nevnt, vart han bygd i 1910. Sjølv om han ikkje var særleg høg, demte han likevel opp nokså mykje vatn. Både Store og Lille Mevatnet vart oppdemt når han var fylt. Mevassdammen vart sprengt av vassmengdene og rasa ut hausten 1931, og vart sidan ikkje bygd opp igjen. Den yngste av lukedammane var Fånetdammen. Han vart bygd i 1927 og låg litt nedafor oset i Fånetvatnet. Han var bygd på same måte som dei andre lukedammane, men var ein god del høgare en dei, og kunne lagra nokså store vassmengder. I og med at det var til dels store tømmermengder som kunne hoggast langs vassdraget var det naudsynt at fløytingstilhøva vart lagt så godt til rette som mogeleg.

Fra Verdal historielags
skrifter 10 - 1984
Resterte av Fånetdammen i 1983. Fånetdammen var den høgaste av dammane i Lundselva

For å hindra at tømmeret skulle gå seg fast på vanskelege stader, vart det laga ein god del forbyggingar. På den flate elvestrekkja nedanfor Hallemsvollen vart det bygd steinfyllte tømmerkar eit nokså langt stykke. Frå Lundsbrua og ned til Lundemo var det fleire forbyggingar. Både steinfyllte kar og skjærmar av solid liggande tømmer. Det var og mindre forbyggingar på fleire stader i elva. For å hindra at damvatnet og tømmeret skulle grava ut og gjere skade på dyrka jord, i den nedre delen av elva, vart det mura forbyggingar av stein. Slike forbyggingar vart laga mot Hofstad, Norvik og Brandseggen. Det var Staten som bar kostnadene med all dambygging og forbyggingsarbeid.

FLØYTINGA I LUNDSELVA

Den årlege mengde tømmer fra Leksdal Statsalmenning var normalt i underkant av 1000 kubikkmeter. Einskilde år kunne det vera langt større. I tillegg kom tømmeret frå privatskogane. Den mengda vart mer varierande, men låg normalt på 5 til 600 k.b.m. Noen år vart tømmeret frå privatskogane fløytt ned til Leksdalsvatnet før fjelltømmeret kom.

Til vanleg var tømmerdriftene lagt til ein av elvdalane, men i einskilde år var det drifter i begge dalane, og det var fløyting i begge elvene. Fløytingsarbeidet tok til så snart isen hadde gått ut av elva, og det var brukbar vassføring. Dammane vart sett (stengt) så snart ein fekk mildt vårver. Damvatnet kunne og brukast til å skynda på isgangen i elva. Vanlegvis starta fløytinga sist i april eller først i mai.

Det var ofte mye snø på tømmerlunnane slik at det vart mykje snømåking før tømmeret kunne rullast på elva. Dersom vassføringa var god, kunne alt tømmeret rullast på elva med ein gong. Var det lite vatn, måtte tømmeret sendast ut litt etter litt. Da vart det rulla ut om morgonen med ein venta på damvatnet. I einskilde år vart det og lagt tømmer på elveisen, men det var stor fare for at det skulle gå heilt ut i Leksdalsvatnet med isen.

Det var også naudsynt med husvære under fløytinga i fjellet. Dei skogstuene som vart brukte under tømmerdriftene vart også nytta under fløytinga. Den eldste skogstua ein vet om låg på nordsida av elva nedanfor Hallemsvollen. Ho var i bruk før 1910. Seinare vart denne stua flytta opp til sjølve tomta av Hallemsvollen, og var i bruk der til kring 1928-30.

Rundt 1910-11 vart det bygd ei skogstue i Holtjønndalen. Ho låg ved den krappe svingen som Holtjønnbekken gjer på høgda med Landfallvollen. Denne stua var i bruk delvis i mange år framover, I 1926 vart det reist skogstue i Kjerringholet, på nordsida av elva der høgspentlina kryssar elva i dag. Ho brann første vinteren ho var i bruk, men vart istandsett alt neste sumar og teki i bruk att. Denne stua kjøpte Anton Lundemo, og nytta tømmeret da han bygde hus på bureisingsbruket sitt, Myrvang. Den siste skogstua vart bygd i 1931. Der Blååsbekken renn uti Nordelva. Ho vart etter få år flytta opp til ei tomt på sørsida av elva, rett over for Nysetran. På denne staden var ho i bruk inntil fløytinga tok slut i 1940.

Denne stua kjøpte Toralf Eriksen, fløytte tømmeret ned elva og brukte det da han bygde hus på Ørmelen. Ved alle skogstuene var det stallar. Anten bygd samman med skogstua eller bygd for seg sjølv.

I tillegg til skogstuene vart også Skrovevollen Eklesvollen og Nysetran delvis brukte som husvær både under tømmerdrift og under fløyting.

Fra Verdal historielags skrifter 10 - 1984
Slagdammen i Holtjønnbekken slik han såg ut i 1983. Han vart bygd i1931.

VASSMANGEL

Fløytinga i Lundselva tok til frå to til fire veker alt etter kor stor vassføringa var, og kor stor tømmermengde ein hadde. Den kortaste tida fløytinga frå Skrovesvollen og ned til elveoset vart unnagjort på, var tre dagar. Til vanleg var ein nede ved Leksdalsvatnet med alt tømmeret i siste halvdelen av mai. Det hende også nokre få ganger at ein del av tømmeret vart liggjande over i elva til om hausten på grunn av vassmangel.

Vassmangel kunne vera eit problem. Eit år det var drift i Holtjønndalen, det var truleg før 1910, kom ikkje fløytinga i gang på grunn av mangel på vatn. Tømmeret vart liggjande over i fleire år. Under den første verdenskrigen vart det kappa og kløyvd opp til favnved og fløytt ned elva. Veden vart så slept i klase til Hallemsstøa og tatt på land der og selt til brensel.

Det er sagt at svinnet var nokså stort under denne transporten. Fløytingsarbeidet vart gjort av eit fløytelag på frå 15 til 20 mann. Dei siste åra var alle fløytarane frå Leksdalen. Tidlegare hadde det også vore med mannskap frå Steinkjer, Henning og Ogndalen. Å vera med i fløtinga var populært og ettertrakta, ikkje berre fordi det gav litt betre fortjeneste enn anna arbeid, men også fordi det gav spenning og opplevingar. Av dei som var med på skogsdriftene i Almenningen om vinteren, var også dei fleste med i fløytinga om våren. Til tross for at det var mye vassing i is-vatn heile dagane, var det nesten aldri fråvær på grunn av sjukdom.

Sjølv om det var mykje slit i fløytinga kunne det og vera mange trivelege stunder. Arne Okstad kunne med stor innleving skildra stemninga ein tidleg vårmorgon på veg til fløyting i fjellet, med fuglesong i Tjellerdalen og orrhanespel i Småvasshaugane. Også om stemninga når dei kom fram til skogstua. Med «gruggmerra» på kok, og velværet etter ein matbit, med ein røyk, ei skrå, eller en pris snus, til slutt, før arbeidet starte med å rulla tømmeret på elva inntil dammvatnet kom.

Å vera fløytar var ein svært ansvarsfull jobb. Det vart krevd både innsikt og erfaring. Edvart Kleven var fløytarbas i Lundselva i mange år. Han slutta som bas i 1933, men helt fram som vanleg fløytar fram til hausten i 1937, da han var 64 år. Som fleire av dei andre fløytarane var Edvart Kleven ein fargerik personlegdom. Eg hugsar at han brukte raude bilslangar som leggisar, og grå ullhuve. Det vart sagt om han at han ikkje var redd vatn... Det blir og fortald at han brukte å bløyta seg heilt opp til halsen før han tok til med arbeidet om morgonen.

Frå 1933 til 37 var Harald Skattland bas. Den siste fløytarbasen i Lundselva var Arne Okstad. Han hadde jobben fram til det siste fløyteåret, våren 1940. Løvert Hammer frå Steinkjer hadde drifta og fløytinga saman med Edvart Kleven i 1929 og var fløytarbas da. Under den før omtala ved fløytinga fra Holtjønndalen var Jens Talbane fløytarbas. Jens Talbane var svensk og kom til Norge kring 1913. Han budde i Sparbu på ein plass som heite Hollberget.

I 1917-18 bygde Talbane seg ei hytte i Haugdalsaunet og drev hogst og grøfting i Rødtelle ålmenning.

Vinteren 1922-23 var han gårdskar hos Ingeborg Skjelstad ved Lustadvatnet. I tillegg til gardsarbeidet hadde han skogsarbeid på Ogndals bruket.

Frå 1928 og utover i mange år budde han i ei hytte ved Skjækervatnet som tilhørte lensmann Strugstad. Han hadde samtidig tilsynet med denne. Etter kvart som han vart eldre og helsa tok til å svikta vart det vanskelegare å ferdast i skog og fjell. Dei siste åra levde han på Ogndal aldersheim og døyde der i 1955. På Skei Kyrkjegard står det ein liten stein som viser at her kviler den glade Talbane som han sjøl brukte å seia når han var litt på ein «snurr».

I eit intervju Trønder-Avisa hadde med Talbane i Steinkjergata 8-3-1947 står det:

Talbane overvintrer også i år ved Skjækervatnet. Han snakka klingande halvsvensk. Javist liggar jag inne i Skjækra. Hur skulle jag ellers vara. Jag har ingenting i bygden å gjøra. Det er slemt om jag blir sjuk, men til nå har det gått bra. Kalt har det varit, og det er godt å ha litt denaturert sprit ståande, mot forfrysningar og til invortes bruk.

FARLEG

I vassdraget var det særleg to stader der tilhøva vart rekna for å vera vanskelege. Den eine staden var Blankholet i Nordelva, der det ofte vart tømmerbindingar. På grunn av at det var vanskeleg å koma ned for å riva dei for hand, måtte dei ofte sprengast. Det var alltid uttatt tre vante fløytarar for å passa på her, for dette var rekna som ein farleg arbeidsplass.

Det var høge berg på sidene av elva så han som skulle lada måtte firast ned i reip for å koma til. Når han hadde lada og tent lunta måtte han gjera teikn i reipet for å bli heist opp at for å koma i dekning før det small.

Den andre vanskelege staden var strekkja frå Lundsbrua til Lundemo. Der er elva svært smal og kronglut, og det vart ofte store tømmerbindingar på fleire stader her. Særleg var Lundsfossen ovanfor brua utsett. Desse bindingane var vanskelege å løysa med handmakt, så dei måtte ofte sprengast. Alfred Ludvigsen, også ein mykje fargerik person, og ikkje så lite av ein våghals, hadde i fleire år oppgåve å stå for sprenginga.

Fra Verdal historielags
skrifter 10 - 1984 
Blankholet fotografert ein fin sumarkveld i 1983. Dette vart rekna for ein av dei vanskelegaste stadeneforfløytinga i Lundselva.

Ein gong han skulle sprenga i Lundsfossen kom han i skade for å lada litt for sterkt, slik at det gikk nokre taksteinar på Bedehuset og filialen. Rekkverket på Lundsbrua vart og skada. Gamle Martin Leirdal, som var vegvoktar på den tida, vart sint og ringde til lensmannen.

Da lensmann Holmvik kom oppover for å sjå på tilhøva, gav han beskjed om at det måtte bli ny sprengsjef dersom han skulle skriva ut fleire tilvisningar på dynamitt. Det hende også at dei som seinare fekk ansvaret for sprenginga lada for mykje, Arne Okstad og Ludvig Marken fekk ordre av Kleven om å sprenge bort to store steinar som låg til hinder i elva nedafor skogstua ved Nysetran.

Den første gjekk fint, men til den andre vart ladninga for sterk så i staden for å fyka heil inn til elvebredda, sprang han i bitar som flaug til alle kantar. Ein del landa på taket av skogstua. Ein stein hadde slik fart at han gikk gjennom både taket, matbordet og golvet. Magne Olavsen og Alfred Dalum hadde nettopp reist seg frå bordet og var på veg ut då steinen kom. Han var så stor at det måtte to mann til for å bera han ut.

DRUKNINGSULYKKE

Tilhøva i Lundsfossen vart ikkje rekna for å vera spesielt farlege, men den einaste drukningsulykka ein kjenner til i samband med fløyting i Lundselva hende her den 17. oktober 1937, da Erik Holmvik vart teki av straumen og ført utover fossane.

Erik Holmvik var næraste naboen vår og arbeidde mykje på garden hos oss, så eg kjende han godt. Eg var sju år då dette hende, og såg ulykka på nært hald. For meg står dette som den tristaste opplevinga eg hadde i barneåra.

Det var og to gonger før det nære på hadde gått liv i desse fossane.

Ludvig Tiller vart ein gong med utover Nedre Lundsfossen saman med tømmeret, men kom seg i land uskadd. Om den andre gongen fortalde far min: Han dreiv og harva på åkeren nede ved elva da han såg det vart uvanleg sving på fløytarane langs med elva. Han stana hestane ved elvebreidda for å sjå kva som sto på, og brått kom det ein kar opp frå elva og rista seg som ein hund. Det var Arnt Kjesbu. Den første kommentaren var: «Dæken ta kor det dundra fer ørom», og når dei andre fløytarane kom til sa han til dei: «Gjørrå denne ætti mæ di karra»! Han hadde da vori med nedover dei stygge fossane i Kvernstuberga. Arne Okstad fortalde at Arnt fortsette arbeidet resten av dagen som om ingen ting hadde hendt.

Fløytinga var avhengig av at det til ei kvar tid var nok vatn. Det vart regulert med dammane. Dei som skulle sleppa damvatnet, hadde ofte ein stri jobb.

Fra Verdal historielags
skrifter 10 - 1984
Eklesvollen vart brukt som skogshusvære i 1931.

Når fløytinga foregikk langt nede i elva var det naudsynt å gå heimafrå i firetida om morgonen. Dammane vart opna etter eit mønster. Det var opp til fløytarbasen å velja det rette mønstret etter vassmengda og kor i elva fløytinga foregikk.

Dei som passa dammane måtte gå ned til bygda igjen utpå ettermiddagen for å få ny ordre til neste dag. Tømmerdrift og fløyting hadde i lange tider vori eit sikkert arbeid for mange i Leksdalen. Det var difor rimeleg at det vart ein god del motstand frå desse da almenningsretten skulle førast tilbake til gardane i Leksdalen, og andre som hadde bruksrett. Norsk Skog og Landarbeiderforening vart skipa i 1927. Denne organisasjonen hadde som føremål å betra livshøva for skog og landarbetarane.

I 1933 sett Einar Musum (seinare ordførar i Verdal) seg i brodden for å starta ei lokal forening i Leksdalen. Han arbeidde i skogen på den tida, og budde i skogstua ved Blååsbekken saman med resten av driftslaget. Det var under samtalar om kveldane her at det heile kom i gang. Det var mange ting å arbeida for både når det galt arbeidstilhøve og løn. Denne vinteren var det og særs dårleg skog som skulle hoggast. Skogs husværa var svært dårlege, og det var først i 1934 at det vart ordna med kokkelag. Før den tida hadde kvar mann laga maten sjølv,og da kan ein tenkja seg at det kunne bli trangt rundt ovnen når alle også skulle tørka kleda sine.

Fra Verdal historielags
skrifter 10 - 1984
Tømmermåling ved Markafossen i 1917. Frå venstre: Alfred Ludvigsen, Ludvig Marken (13 år), Anton Aspås (Skogfaut), Edvard Marken, Torgeir Lunnan (frå By Bruk), Petter Lund (Vollan), Erling Øverland (skogforvalter).

Sjølv om løna var noko høgare for fløytararbeid en for ana arbeid, kan det nemnast at timeløna for ein vant fløytar var 90 øre i 1927, og 80 øre for ein uvant, og i dei åra som fulgte vart ho enda lågare.

Dei aller fleste av skogsarbeidarane og fløytarane vart med i foreninga alt frå starten. Arbeidet til foreninga var sikkert en medverknad til at både arbeidstilhøva og løna betra seg ein del etter kvart.

SLEPINGA I LEKSDALVATNET

Før fløytinga i Lundselva tok til om våren vart det lagt ut bom (lense) i elveoset. Tømmeret som trongst til å laga den første bommen om våren, vart kjørt ned til oset. Bomtømmeret vart sidan sortert ut frå fjelltømmeret som flaut godt. Det gjekk med bortimot 40 stokkar for å laga ein høveleg bom utanfor oset. Når ein høveleg mengde tømmer til eit slep hadde komi ned, vart bommen forlenga og spent rundt tømmeret til ei klase. Ho var no klar for sleping etter vatnet mot Figga.

Det var om å gjera å koma fram til Figga med ei klase så tidleg som mogleg etter at isen hadde gått på Leksdalsvatnet. Klasa vart lagt mot brukara på den gamle Flåttåbrua. Dette er namnet på brua over Figga ved utløpet frå Leksdalsvatnet. Ho har dette namnet fordi det tidlegare var ei flytebru. Ved å leggja klasa slik verka ho som ein dam og heldt tilbake vatnet til fløytinga skulle starta i Figga.

Til slepinga vart det brukt spellflåte. Spellfåten var bygd omlag på same måte som dei som vart brukt i Veressjøen, og som er nøye omtala av Leif Lykke i: Tømmerfløytingen i Vera.

Det kan leggjast til at ein spellflåte i Leksdalsvatnet var bygd av 13 stokkar. Den midterste skulle vera ein halv meter lengre enn dei andre, og stikka ut bak. Han hadde hol for å festa slepekjettingen i. Toppstokken som var øvre feste til brura, vart av fløytarane i Leksdalen kalla for «regnbuen».

Det vart ofte brukt to spellflåtar samtidig. Ved å bruka to kunne ein få opp langt større fart, og ein hadde betre sikring mot avdrift i dårleg ver. Robåtane som vart brukt til å ro ut dreggen, var ekstra solide. Dreggen hadde fem armar. Han var tung, minst 30 kilo. Det var difor rekna for litt av eit bask når dreggen skulle kastas ut frå båten. Ein måtte vera sikker på at han gjekk klar av båten, for ikkje å få slegi inn båtsida når han tok vatnet. Trossa som var festa til dreggen, var omlag 300 meter.

Det var alltid med ein ekstra dregg ombord på flåten. Det hendte atdreggen festa seg til botnen så trossa måtte kappast. Dessuten var det ofte naudsynt å ha ein ekstra dregg for å ankra opp i dårleg ver. Når det vart brukt ein spellflåte, var det vanleg med eit mannskap på fem. Dersom ein brukte to kunne det tilsaman vera sju - åtte mann. I stille ver, eller dersom det var medvind, det vil seia sunnavind, kunne slepet starta på kva tid som helst av døgnet. Ellers var det vanleg å leggja ut om kvelden, for normalt var det mest vindstille om kvelden og natta. Dersom ein fekk motvind eller sterk sidevind hende det at ein måtte ankra opp i ei vik til vinden løya. Austavind var rekna for å vera verre enn vestavind, for han dreiv slepet ut på vatnet.

Avstandane frå Lundselva til Figga er omlag 8 kilometer, og til vanleg tok det eit døgn å fara med eit slep, men med god bør kunne det einskilde gonger gjerast unna på sju-åtte timar. Var det derimot særs vanskelege tilhøve kunne det ta både tre og fire døgn.

Fra Verdal historielags
skrifter 10 - 1984
Tømmerbinding i Lundsfossen i 1937. Biletet er teki av Knut Ramstad likefør Erik Holmvik drukna på denne staden, den 17. oktober. Fløytarane ein kan sjå er frå venstre Ludvig Marken, Harald Skatland og Arne Okstad.

 

Fra Verdal historielags
skrifter 10 - 1984
Dette biletet er ogfrå same staden og personane er dei same.

 

Fra Verdal historielags
skrifter 10 - 1984
Også dette biletet er teki same dagen. Ein kan sjå Edvard Kleven oppå bindingen. Han var da 66 år.

Fra Verdal historielags
skrifter 10 - 1984
Del av fløytarlaget i 1931. Bak frå venstre: Arne Okstad, Karl K. Aksnes, Harald Aksnes. Sittande frå v.: Oskar Røsseng, Harald Skotland, Magne Oiavsen, Erik Holmvik, Einar O. Musum, Ole Tuset.

 

Fra Verdal historielags
skrifter 10 - 1984
Tømmerklase på Leksdalsvatnet ved Aksnes i 1950.

 

Fra Verdal historielags
skrifter 10 - 1984
Edvard Kleven på 70 årsdagen, saman med kona Marie.

Med vanleg tømmermengde vart det to slike slep frå Lundselva kvart år. Men einskilde år var det naudsynt å gå med tre. I tillegg til tømmeret frå Lundselva, vart det og levert ein god del ned til strendene av Leksdalsvatnet. Eit slep starta frå Vist og fulgte vestsida av vatnet. Det andre starta frå Klinga og samla tømmer langs austsida.

Fra Verdal historielags
skrifter 10 - 1984
Her vart tømmerklasane lagt før dei vart sleppt ved Figga.

Delvis var tømmeret rulla på vatnet og låg i små klaser når storslepet kom. Men det var og like vanleg at mannskapa på spellflåten også hadde arbeidet med rullinga. Dersom fløytingsarbeidet i elva tok lang tid, kunne det vera andre folk som tok arbeidet med å samle tømmeret som var levert ned til vatnet.

FLØYTINGA I FIGGA

Inntil 1935 var det eigen fløytebas i Figga. Men både fløytebasen og ein god del av fløytarane frå Lundselva var også med i Figga. Fram til den tida vart tømmeret sleppt i Figga så snart slepet var framme.

Tømming av klasa gjekk raskt. Ein trong ikkje stikka ut tømmeret. Figga drog godt så ein måtte heller halda att litt. Frå 1935 til 1940 var det fløytarlaget frå Lundselva som hadde arbeidet også i Figga. Det var helst i desse åra det var vanleg å leggja ei klase ved Flåttåbrua for å halde igjen vatnet til fløytinga skulle starta i Figga.

Frå 1941 til fløytinga tok slutt i Leksdalsvatnet og Figga i 1952, var det fløytarar frå Henning og Sparbu som hadde arbeidet. Fløytinga i Figga var ikkje rekna for å vera særleg vanskeleg. Men når det hende at vassføringa minka fort, kunne mykje tømmer bli liggjande på elveørene slik at det vart eit slit å få det til å flyta vidare.

Fra Verdal historielags
skrifter 10 - 1984
Fløytarlag frå Figga ca. 1917. Fra venstre ståande: 1. Anton Langli, 2. Jon Lundsaune, 6 bak Alfred Dalum, 7 Anton Musum, 8 Anton Sende, 12 Schieflo? («Langen»), 13. Mikal Norvik, 15. Alfred Ludvigsen, 19. Næss fra By Bruk. Sittende: 4. Harald Skotland, 5. Per Seli, 6. Nikolai Malmo. De øvrige er ikkje identifisert.

Det var og ei drukningsulykke i samband med fløyting i Figga. Det hende så tidleg som i 1912, da Anders Sagen frå Henning drukna ved Holdbrua.

Enkelte år vart det og fløytt i Døla, ei sideelv til Figga. Dersom vassføringa var bra, var det vanleg å koma ned til lensa ved Steinkjer sist i mai eller først i juni. Dersom det var mye tømmer, kunne det vera naudsynt at eit par-tre mann var nede i lensa for å dra innpå. Når siste stokken var i lensa var jobben gjort for dette året, og det var andre folk som tok over for å frakta tømmeret til sagbruka eller til Folla Tresliperi. Under denne transporten vart det anten slept i klaser eller sopper (bunter).

Når fløytinga foregikk i Figga vart det overnatta i telt eller under open himmel. Dette kunne mange gonger vera eit hustri losji, særleg under haustfløytinga. Før heimturen tok til var fløytarbasen på sagbrukskontoret for å henta forskottsbetaling til karane. I lange tider var det ikkje annan måte å koma heim på, enn å gå dei nære tre milene til Leksdalen, men etterkvart vart det ein del som fekk seg syklar, og dei siste åra vart fløytarane delvis frakta med lastebil med open lasteplan.

Da fløytinga i Figga tok slutt i 1952 var ein tidsalder i tømmertransporten over, her som i mange andre elver. Transporten vart no flytta over frå elva til landevegen og lastebilene. Dette var ein prosess som skapte stor diskusjon både millom fagfolk og andre, her som andre stader. Men utviklinga var ikkje til å stoppa, så no er fløytinga historie.

Dette er skrivi ut i frå opplysningar gitt av Karl K. Aksnes, Arne Okstad og Ludvik Marken, som alle var med i fløytinga i mange år, og slik eg sjølv hugsar det i frå gutedagane.

Fra Verdal historielags
skrifter 10 - 1984
Den øvste delen av Figga sett frå Flåttåbrua. Dette elvestykket blir kalla Sela, avdi elva rinn stille her.