FOSSHEIM FORSAMLINGSHUS

Siden 1924

Fossheim i dag

Fossheim Forsamlingshus ligger ved Lundsbakken og har adresse Leksdalsvegen 838.
Fossheim er Leksdalens knytepunkt, eller i hvert fall skal det bli det.
Her kan man feire bursdager, bryllup, dåp og lignende. Salen har plass til mange gjester.

På Fossheim arrangeres det teater, matserveringer, familiedag, loddsalg og mye mer.
Selv sitter jeg i tiltakskomiteen ved Fossheim og skal sammen med styret åpne for flere arrangement tilpasset alle aldre og interesser.

Steinar Aksnes tar seg av utleie.
Tlf 90981831.

Foto: Marit Voll
Foto: Marit Voll

Utdrag fra Verdal Historielags Skrifter 41 - 2012

Leksdalens ungdomslag

Den første freistnaden med å få i gang eit ungdomslag i Leksdalen vart gjort i 1896. Ein inderøyning som var busett på Karmhusbakken heitte Ole Vang, og ein annan ungdom frå den andre plassen på Karmhusbakken, Hans Petter Bunes, var i brodden. Dei fekk lærar Ole Haugdahl til å hjelpa til, og laget vart visstnok skipa straks på nyåret 1896. Det heitte Leksdalens ungdomslag, og hadde eit handskrive blad som heitte Leksdalingen. Laget levde ikkje meir enn eit par år. Slikt lagsarbeid hadde ingen tradisjon der, Ole Vang reiste dessutan ut av grenda att, og det vart etter kvart berre få som kom på møta. Og dei som stod i brod den, vart trøytte. Etter 1897 var det ikkje halde noko møte. Det vart såleis berre med ein liten freistnad, og dette laget har ingen historisk samanheng med det noverande UL Leksdølen ungdoms- og teaterlag.

Fra Verdal historielags skrifter 41 - 2012

Ungdomslaget Leksdølen

Ungdomslaget Leksdølen vart skipa på møte på Nordly skule (Nord-Leksdalen) helgetorsdag 25. mai 1922. To ungdomar frå grenda, Per Aksnes og Ingolf Aksnes, hadde gått på Skogn folkehøgskule vinteren før. Det var desse som gjorde opptaket. Dei vart med i første styret, og lærar Anders Musum vart formann.

Utdrag av lovane som vart vedtekne:

§ 1. Laget vil samle ungdomen til godt gaman og til arbeid for oplysning og godt folkeliv på nasjonal grunn.

§ 2. Dette formål vil laget søkje å nå ved song, oplesnad, ordskifte, foredrag og eit handskrive blad. Bladstyret vert vald av lagslemmene på kvart lagsmøte.

§ 3. Kvar ungdom som hevfyllt 15 år kan verte lagsmann. Lagsfolk legg 1,25 kr i årspengar, som dei skal betale forskot. Den som er skuldig årspengar, hev ikkje røsterett i lagssaker. Lagslemmene er skyldige å ta på seg det arbeid eller ærend som styret eller laget legg på dei.

§4. Dersom ein lagsmann bryt loven eller fører slik framferd på samkomor i laget at dette hev skam eller skade av det, kan styret stryke han or lags manntalet.

§5. Det skal ikkje vera rusdryk på møte eller festar, ikkje kortspel eller tobaksrøykjing. På vanlege lagsmøte skal det ikkje vera dans.

Fra Verdal historielags skrifter 41 - 2012
Teater i Leksdalen 1922. Frå venstre: Ingemar Karmhus, Johanne Kjøren Aksnes, Einar
Musum, Anna Musum Lund, GeorgJosve, Per Aksnes (fremst). Frå Inntrønder-ungdomen jula 1995.

Lagsavisa heitte Dølen, og dei første åra var det ein god del foredrag og diskusjonar på møtene. Ganske straks etter at laget var starta, tok det til å arbeida for eit samlingshus til grenda. Mest alle bøndene gjekk god for eit lån i banken, og hausten 1924 stod huset ferdig.

Det står på sørsida av eit lite fossestryk i Lundselva og fekk namnet Fossheim. Opningsfesten vart halden same hausten. Formannen i Inntrøndelag ungdomssamlag, sokneprest Knut Eik-Nes, var der og tala, og laget synte fram Ervingen av Ivar Aasen.

Ungdomslaget Leksdølen har hatt sin største misjon i lokalsamfunnet ved å ha eit forsamlingshus til disposisjon for ulike høve. Fossheim har fått nødvendig vedlikehald og utbyggingar for å halde takt med utviklinga. Ein kan trygt seie at dette har vore den største aktiviteten i det 73 år gamle ungdomslaget. Laget valde i 1994 etter ein lengre diskusjon å gi Fossheim til skolekrinsen i Nord-Leksdal. Ungdomslaget Leksdølen er no det einaste laget i Verdal som er i drift under namn som ungdomslag. Aktivitetane i dag (1995): 17. mai-fest med eigen revy, barne- og ungdomsteater, dansekurs, kulturkveldar og grendemøter i lag med Verdal Historielag.

Fra Verdal historielags skrifter 41 - 2012
Fossheim i Nord-Leksdal anno 2012. Foto: Jon Holmlimo

 

Utdrag fra "Heimer og folk i Leksdalen"

Organisasjonslivet

Sist i 1800-åra og først i 1900-åra var det sterke nasjonale og religiøse strømninger i landet. Perioden var også ei opplysningstid med sterk kulturell framvekst. Dette kom på mange måter til å prege samfunnet også i Leksdalen.

Det ble blant annet innført nynorsk som undervisningsspråk på skolen både i Nord- og Sør-Leksdalen. Denne språkforma var i bruk på begge skolene i ca. nitti år.

Det vokste fram et mangfoldig organisasjonsliv.

Den første møteprotokollen for Leksdal misjonsforening er fra 1888. Da ble det også stifta kvinneforening. Protokoller for skytterlag og idrettslag finnes ikke, men det finnes sølvskeier med inskripsjon etter Ingmar Karmhus og Per Aksnes.

De ble utdelt ved skytterlagets 50-årsjubileum i 1932, og det viser at laget ble stifta i 1882.

I tidsrommet 1882-1886 var Johan Gunnenus Ryther lærer i Leksdalen. Ryther var ei ildsjel og idealist på mange måter. Han stifta godtemplarlosjen "Mjølner" i disse åra.

Idrettslaget ble trolig stifta i 1901. Laget var tilsluttet "Centralforemngen til utbredelse av idrett". Da denne opphørte i 1917, fikk Leksdal idrettslag et ermdrmgsdi-plom som henger på "Fossheim".

Nybygd Fossheim Forsamlingshus.
Utlånt av Stiklestad Nasjonale Kultursenter.
Nybygd Fossheim Forsamlingshus. Utlånt av Stiklestad Nasjonale Kultursenter.

Den første møteprotokoll for avholdslosje "Gunlaug" er fra 1902. Losje "Ungdomsby" var stifta i 1907 og var i virksomhet til 1914. Møtene ble holdt omkring på gårdene i Sør-Leksdalen. I 1917 ble barnelosjen "Nordly" stifta, med Signe Haugdahl (Rygg) som den første leder.

Leksdal Arbeiderlag ble stifta den 9. april 1917, og ungdomslaget "Leksdølen" i 1922. Lærer Anders Musum, som også var ei ildsjel og en idealist, var med og starta ungdomslaget og var formann i laget i de fjorten første åra.

Ungdomslaget sto i spissen for å få bygd forsamlingshuset "Fossheim", som sto ferdig i 1924.

I skogstua som lå oppe ved Ny-Setran ble det vinteren 1937 stifta en skog- og landarbeiderforening. Lærer, seinere ordfører, Einar M. Musum, har skrevet møteboka for stiftelsesmøtet.

Skytterhus ble bygd ved Lund i 1890. Huset ble flytta i 1898 og brukt som bakeri (se bilde av området ved Lund). Det ble da bygd nytt skytterhus nede ved Lundsfossen (på Farkslættet). Dette huset var i bruk til 1924, da ungdomshuset "Fossheim" ble bygd.

Etter at meieriet ble nedlagt, ble det revet og satt opp som skole på Lysheim i Sparbu. På grunnmuren ble det så bygd bedehus i 1923.