Etter gjengrodde og gløymde vegar

Av Reidar Prestmo
Verdal historielags skrifter : årbok. 1979 Vol. 4

Det fins mange vegleier som etterkvart går i glømmeboka. Vegleia frå
Leksdalen over Blommen er ei slik lei. Vi kan starte på denne vegen frå
Nilsstubakken. Vegen er synleg enno. Den går i svingar og sterk stigning
opp gjennom åsen, over Kvitsteinsberget og opp på myra vest for
Brandberget. Herifrå går vegen i slak stigning sørover forbi dei nedlagte
setervollane, med Smegardsvollen på øvre sida og Pergardsvollen på
nedre sida. Dei vart og kalla Blomsvollane. Høgste punktet er vest for
Skeisskaret. Vegen er tørr og fast.
Så ber det utfor bakkane vest for dei nedlagte husmannsplassane og
nedre Jermstadhåmåren og ned til vegen frå Hallem over Lyngåsen til
Skei, og vidare forbi Øver-Fåra, der den låg tidlegare. Vidare var det
veglei nedover bakkane forbi heimen til Ingvald Austli, over den
noverande Fcirådalsvegen og ned på sletta vest for Bremberris-berget og
fram til der Jermstadgårdene låg før raset i 1893. Det var Pauline
Jermstad (1849) som fortalde at det var her folket på Jermstadgardane
kjørte når dei skulle på Blommen. Olav Lyngås i Ausen fortel ei historie
han hadde hørt av Anders Ellevsen Tiller (fødd ca. 1851) om at
gammelkarane nytta kløv, og at det ikkje var så uvanleg på denne
vegen. Anders hadde vidare fortald at det var meir enn nok lass med ein
og ein halv tynnesekk med korn. Kanskje var det trafikken frå sørsida
av Blommen til kvernene ved Lundselva som gikk her. Dette med å nytte
kløv i sentrale delar av bygda verkar fjernt og uverkeleg for oss i dag.
Den siste som vi veit nytta denne vegen var gardbrukar og krøtter
handlar Martinus Solberg. Han kjørte i karjol frå Jermstad over
Blommen og ned til Ausa. Han hadde da ei tømmerdrift i gang i
Blommen. Dette var rundt 1908. Etter det Olav L. opplyser var
hoggarane i seterhuset, og til dei to hestane frå Solberan var det
innreidd i fjøset. Ein av kjørarane var Laurits Lille-Hestegrei. Far til
Olav, Hans Bårdsen Ausen var med som hoggar. Lyngås fortalde at
karane dekte taket med bar, både på seterhuset og på fjøset for å halde
på varmen. Anders Tiller fortalde «kor reint storveges» det vart da det
vart kjørveg gjennom Klingen til Hallem.
Det er vanskeleg å slå fast når den første kjørvegen vart bygd her.
Men i Kluvers tid på Bunes, frå 1784 til 1816 er det i Verdalsboka skrevi
at det berre er ein tarveleg ride- og kløvveg her. Dei første opplysning
ane som finnes om vegbygging i arkivet til Verdal kommune, er eit brev
frå Stjør- og Verdal Fogderi, datert 26.2.1846, der det «bevilges et beløp
til veien ved Leksdalsvandet». 125 spesiedaler og 8 skillinger har gått
med til dette arbeidet. Ellers er det lite å finne i arkivet, men den 27.
januar i 1868 har det vorti skrevi eit brev til Værdal Formandskab: «Vi
Lexdalinger tillader os herved at henvende os til de ærede Medlemer af
Værdalens Formandskab med en alvorlig Bøn om at Veistykket over
Klingen må blive omlagt.»
Da hv. Veiinspektør Captein Holst såvel som de fleste av de ærede
Formænd have tilstrækkelig kjendskap til, hvor elendigt dette veistykke
er og hvad vi lide derfor baade med Heste og Folk, og hvor ofte samme
Veistykke har vært paa nippet til at omlægges i de senere aar, saa anser
vi det ufornødent nærmere at begrundet samme Omlægning ved atter at
opprippe, hvad vi lide ved den gamle Vei.

Bunæs 27 de jnr 1868.

Ærbødigst J.v.d. Lippe Hansen
Ingebrigt Lund, Mathea Muller, Anders Tiller, Ole Iver Tiller, Ellev
Tiller, Torger Hofstad og J Karen ??.

Resultatet av denne søknaden var at Herredsstyret bevilget 125 spesi
daler, og leksdalingene greidde nok å skaffe fram 100 daler. I tillegg
vart det i 1870 bevilga 4 spd. til stabbesteinar i Klinga.
Arbeidet vart bortsett på akkord til den kjende brubyggaren og bygg
mester Johan Ellefsen Sagmo, fødd i Vuku i 1830. Han vart i 1854 gift
med Marta Andersdatter Dill, fødd 1835. Ho var søster av storsmeden
Olaus Kvernmo. Dei budde mesteparten av tida på Levanger. Arbeidet
med vegen ser ut til å ha vorti ferdig i 1873. Men akkorden ser ut til å ha
sprukket for Sagmo på grunn av vanskeleg fjell i austre delen av
Klingen. Kaptein Holst skriv mellom anna:
«Efterat Entrepenøren Johan Sagmo - en både duelig og kyndig arbeid
er - ikke kunne gå ut med sin Acord, idet det intet ble tilbake for ham
seiv at leve af efterat Folkene vare betalte».
Del er vel mest truleg at dette er vegen frå 1873 Ellev Tiller tenkte på i
samtalen sin med Olav Lyngås.
Gamlevegen tok av frå den noverande vegen i Staurdalen, og gikk
opp Brattkneppa, og heldt fram lenger oppe i åsen, opp Fiendsbrekka,
og tram til Nord-Hallem.

Storparten av Brattkneppa er i dag borte, vekkskutt i samband med
utvidinga av nyvegen som vart ferdig i 1915.
I Brattkneppa sto rodestolpen mellom Forbregd og Sør-Hallem. Arne
Musum fortel at det av og til kunne vera problem for kjørekarane her,
som når dampkjelen vart kjørt frå Trones til Leksdalsmeieriet. Litt
problem var det og i 1908, da stortrøska og lokomobilen vart kjørt hit.
No er mykje av den gamle Klingvegen attgrodd, og det kan nok vera
vanskeleg å forstå at det her eingong var ein rodelagt veg ...
Etter raset i 1893 vart vegen over Lyngåsen opprusta som midlertidig
veg til Vuku. Trafikken gikk ei kortare tid etter denne vegen til vegen
over Jermstadhøgda var ferdig i nittiåra ein gong.
Tollef Øgstad fortel og ei historie fra den tida, etter Magnus
Bruvolden. Magnus var dreng på «gammelprestgården». Det skulle
kjøres til kverna i Ulvilla, og kista var teki av ei bikkvogn - og ein
tynnsekk med korn vart surra fast til hjulgangen. Så bar del i veg forbi
Øgstad, opp Øgstadmarka, til Lyngåsvegen og vidcre ostover. Hil lite
lass etter forholda i dag, men rasel skapte nok mange problemer, som i
dag stort sett er glømt.